.
Han var liten og spe.
Ei blå huve, gult bryst og striper på vengene. Fort bevega han seg, og
flaug med speidande auge, og såg både framfor seg og bak seg på ein gong, som
fuglar kan.
Borte ved vegen var
det nokre snille menneske, som la ut mat til fuglane kvar dag. Det kom godt med
når det var kuldegrader, som no, og snøen hadde lava ned i fleire dagar. Han
hadde ikkje funne seg noko å eta, og gledde seg til det rikhaldige fuglematen.
Det var meisebollar, frø , nøtter og til og med eit fuglenek. Her var det mat for fugl! Han skrensa inn på
altanen, og tok sikte på meisebollane. Men to kjøttmeiser var der allereie, og
dei føyste han vekk. – kom deg unna! Vi var her først. Litt slukøyra sette han
kursen for fuglebrettet, men det hadde minst 10 finkar okkupert, og dei ville
ikkje flytte seg for ei lita blåmeis.
Nøtteplassen var oppteken, og neket tomt. Fortumla sette han seg på
kanten av gelenderet :- Vart det ingen mat i dag? Han var så svolten!
I sumar då han enno var liten og låg i reiret, minnes han kva
foreldra hans tala om medan dei mata han og søskena hans. Ei gamal linerle som hadde reir like ved,
hadde fortalt ei historie ho hadde høyrt frå foreldra sine, som igjen hadde
høyrt den frå sine foreldre, ei historie som hadde vandra gjennom generasjonane.
-Vi hadde nett flloge den lange vegen frå Norge, og landa i
Israel. Vi pusta ut etter den lange og farefulle ferda, og hadde så smått teke
til å samle saman kvist til reiret. Vi
låg der inne i ein olivenlund på ei høgde med vakker utsikt til Genesaretsjøen.
Ein mann kjem og set seg på ein stein like ved sidan av. Han tørkar sveitten,
og etter kvart kjem det ein heil flokk menneske og set seg rundt han. Han tala så vakkert, og vi flaug til og frå,
arbeidde på reiret og høyrde etter. Plutseleg nemner han oss! - Sjå på fuglane
i lufta! Dei sår ikkje og haustar ikkje og samlar ikkje i hus, og far dykkar i
himmelen føder dei likevel.
Det var som himmelen stod stille, og hjarto våre vart
sprengt. Vi var lova føde hjå den store
far i himmelen!
Slik har det vore. Vi finn alltid mat, hadde linerla
avslutta historia sin.
Den vesle blåmeisa flaug borti eit stort bjørketre. Det var
fullt av snø, og isete. Men kva ser
ho: Heile treet er fullt av raklar med frø! Ho et og vert mett, og så lagar ho ein trille –
endå det var vinter- til den store far i
himmelen som syrgde for føde til ho. Ho
flaug vidare, og fann nokre gode raude bær til dessert.
Det var mat nok til alle i dag og!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar